Prosjektet Hammerfest Memoar starta den 4. september 2018, då Memoar, Norsk etnologisk gransking og Folkeminnesamlinga besøkte Gjenreisningsmuseets Venner som ein del av "Krafttak for munnleg historie i Noreg". Den kvelden og dagen etter vart det gjort ein serie intervju som blir publisert på denne sida og på www.minner.no når og viss forteljarane vil dela det dei har fortald. Tanken er at museet, Gjenreisningsmuseets venner og andre i Hammerfest skal halda fram med minneinnsamlinga. Det trengst frivillige til dette arbeidet - les meir om det her. Kontaktperson på Gjenreisningsmuseet er Julia Stangeland . Kontaktperson i Memoar er Bjørn Enes |
Startside
Britt Heggem
Britt Heggem vart fyrst intervjua på ope møte arrangert av Gjenreisningsmuseets Venner i Hammerfest den 4. sept. 2018, og så om att i eit provisorisk studio på museet dagen etter. Ho fortel i desse opptaka litt om tidlege barneår før krigen i Hammerfest. Det var ein vakker by, ho hugsar særskilt løkkuplane. Krigen kom - det blei ei trykka stemning. Ho hugsar bombeangrep, då ho gjekk på loftet for å sjå: Ho såg flammehav etter i brannbombe før mora fekk henta henne ned i kjellaren. Faren var styrmann på skøyta "Brynhild". Han hjelpte motstandsrørsla - mellom anna med å frakta ny sendar til motstandsgruppa "Lyra" i Kvalsund. Angjevarar avslørte dei, og faren blei arrestert og frakta til Møllergata 19. Mora og tre born flytta ut av byen på hytta. Der såg ho mellom anna russerfangar på dødsmarsj frå Kirkenes. Så kom evakueringsordren. Dei fekk ikkje reisa heimom for å henta noko - måtte berre reisa i det dei sto og gjekk i. På vegen såg ho husdyr bli slakta og bygder bli brent - bedehuset på Skjervøy ville ikkje ta fyr. Dei budde i Harstad til 1947. Då fekk dei flytta heim att til ei brakke ved Storvannet. I 1952 var huset bygd opp att. Faren vart øydelagt av fangetida. Det kom mørke over han mange gonger. Då sa mor: "Gå inn til han du, Britt". Han døydde berre 61 år gamal. "Han lærte oss at me ikkje berre kunne få ting," seier ho. "At du må gjera opp for deg"
Opptaket vart gjort på Gjenreisningsmuseet i Hammerfest i dagane 4. og 5. september 2018. Intervjuar fyrste dag var Bjørn Enes, andre dag Line Esborg. Videoen er inntil vidare lukka med passord. Sørsmål om passordet må rettast til Britt Heggem.
|
|
|
1-1 of 1